Historia om «Det lille pølsemakeriet» starta først på 50 talet, med at Magnus Brenna fekk agentur på eit tysk traktormerke som heitte Kramer. For å få gardbrukarane til å kjøpe traktor, måtte han ta hesten i innbytte. Hesten vart som regel slakta på garden, og Magnus tok den med seg heim. Han måtte prøve å bli av med hesten med fortjeneste, og difor kjøpte han ei kjøttkvern som han plasserte i kjellaren på privathuset. Der blei hesten foredla til spekepølse. På denne tida vart det kvar haust slakta store mengder dyr rundt om på gardane. Her såg Magnus Brenna nok eit marked og maskinparken blei fort utvida for å kunne lage eit større utvalg av produkt. Gardkjerringane i Lom og Skjåk leverte kjøtet nøye tilskore og oppveid, i beste husmorånd for at dette skulle bli til ulike farseprodukt, middagspølser og spekepølser. Når dei kom heim, vart det steiking, hermetisering, salting og tørking.
1972 vart produksjonen flytta frå kjellaren til nye lokale i tilknyting til Skjåk Turistheim. Nå vart partering av vilt ein del av leigeproduksjonen. Samtidig vart det starta ein møysommelig prosess for å sikre produksjonsmetoden for Skjåkpølse, slik at ein unngikk feilproduksjoner. No vart det ikkje lenger brukt hest i pølsa, men ein kombinasjon av storfe og svin. Men for å få den rette smaken vart pølsene laga på same måten, utan tilsetting av melkesyrekultur. Denne produksjonsmåten stiller store krav både til råvarer og produksjonsprosess. Skjåkpølsa er i dag eit av våre hovedprodukt. Vi fekk gullmedalje i Nm for kjøttprodukt og fekk Matmerk sitt spesialitetsmerke i 2008
Etter kvart som tida gjekk og tidsklemma vart eit begrep, såg vi at våre gamle kunder som før hadde slakta heime og foredla kjøtet lokalt, nå kjøpte ferdig mat på butikken. Dette samtidig som dei klaga på utvalget og kvaliteten på ferdigmaten. Etter ein prat med ein av våre lokale kjøpmenn som med glede ville selge våre produkt i sin butikk, begynte en ny tid. Læringskurven ble bratt men etter stutt tid hadde vi 20 butikker som vi leverte til med egen distribusjon kvar veke. Vi vaks ut av våre gamle lokaler, og gleda var stor da vårt nye, moderne anlegg med eget efta- nummer stod ferdig til jul 2004.
Produkta våre vert selde under varemerket «Mat frå Skjåk» Alt er laga etter dei gamle oppskriftene, tilpassa nye og meir moderne produksjonsmetoder, samtidig som vi tek vare på det handtverksmessige. Vi prøvar å utvikle nye og spanande produkt med inspirasjon frå mange forskjellege matkulturar. Men vi har heile tida det for auga at vi skal lage alle våre produkt på ein rein og naturleg måte og bruke dei beste råvarene som til ein kvar tid er tilgjengelige og på ein slik måte at vi tek vare på og vidareutviklar dei rike mattradisjonane i Skjåk